@article{Kinn_2022, title={År etter år, skritt for skritt og lag på lag: Tre NPN-konstruksjonar}, volume={12}, url={https://bells.uib.no/index.php/bells/article/view/3542}, DOI={10.15845/bells.v12i1.3542}, abstractNote={<p>Norske NPN-konstruksjonar med preposisjonane <em>etter</em>, <em>for</em> og <em>på</em>, som til dømes <em>år etter år</em>, <em>skritt for skritt</em> og <em>lag på lag</em>, oppviser klar produktivitet og har mykje til felles seg imellom. Alle tre kan brukast både i modifiserande (oftast adverbiale) og nominale funksjonar, og det er ikkje innlysande kva som er betyd­ningsskilnaden mellom desse ut­trykksmåtane. Her vert det gjennomført ein korpusstudie der det vert utarbeidd syn­taktiske og leksikalske profilar for konstruksjonane <em>N etter N</em>, <em>N for N</em> og <em>N på N</em>. Dei syn­tak­tiske profilane byggjer på enkel deskriptiv statistikk over kor ofte konstruk­sjonane opptrer i ulike syntaktiske funksjonar, og kor ofte dei er kombinerte med pseudo­partitiv konstruksjon, til dømes som i <em>år etter år med krig</em>. Dei leksikalske pro­filane byggjer på ein kollostruksjonsanalyse som får fram kva substantiv som er kjenne­teiknande for kvar konstruksjon. På grunnlag av desse profilane blir det gjort greie for både likskapar og skilnader mellom dei tre konstruksjonane.</p>}, number={1}, journal={Bergen Language and Linguistics Studies}, author={Kinn, Torodd}, year={2022}, month={Mar.}, pages={353–376} }