@article{Paulsen_2022, title={Snikstigmatisering: Metonymisk representasjon av muslimar i kronikkar om islamofobi og snikislamisering}, volume={12}, url={https://bells.uib.no/index.php/bells/article/view/3546}, DOI={10.15845/bells.v12i1.3546}, abstractNote={<p>Kategorien MUSLIM og hans eigenskapar er, og har lenge vore, gjenstand for poli­tisk debatt i Vesten. I kjølvatnet av eit terrorangrep mot ein norsk moské i 2019 deltok leiande norske politikarar i ein debatt om <em>islamofobi</em> og <em>snikislami­sering</em>. I denne artikkelen analyserer forfattaren metonymiske framstillingar av mus­limar i tre kronikkar frå denne debatten, skrivne av to leiande norske poli­tikarar frå partiet Framstegspartiet. Kvar kronikk har metonymiske fram­stillingar som reflekterer korleis politikarane omgrepsleggjer kategorien MUSLIM. Med andre ord bidreg metonymane til å illustrere kva slags haldningar og handlingar politikarane oppfattar og framhevar som typiske for muslimar. I dei aktuelle kronikkane vert metonymi nytta for å generalisere handlingar og hald­ningar hjå eit avgrensa utval muslimar til muslimar som gruppe. Jamvel om det ikkje finst nokon døme på direkte islamofobisk metonymibruk i kronikkane, vidare­fører metonymibruken til politikarane eit stigmatiserande omgrep om muslimar.</p>}, number={1}, journal={Bergen Language and Linguistics Studies}, author={Paulsen, Mikkel Ekeland}, year={2022}, month={Mar.}, pages={233–253} }