År etter år, skritt for skritt og lag på lag

Tre NPN-konstruksjonar

Authors

  • Torodd Kinn Universitetet i Bergen

DOI:

https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3542

Abstract

Norske NPN-konstruksjonar med preposisjonane etter, for og , som til dømes år etter år, skritt for skritt og lag på lag, oppviser klar produktivitet og har mykje til felles seg imellom. Alle tre kan brukast både i modifiserande (oftast adverbiale) og nominale funksjonar, og det er ikkje innlysande kva som er betyd­ningsskilnaden mellom desse ut­trykksmåtane. Her vert det gjennomført ein korpusstudie der det vert utarbeidd syn­taktiske og leksikalske profilar for konstruksjonane N etter N, N for N og N på N. Dei syn­tak­tiske profilane byggjer på enkel deskriptiv statistikk over kor ofte konstruk­sjonane opptrer i ulike syntaktiske funksjonar, og kor ofte dei er kombinerte med pseudo­partitiv konstruksjon, til dømes som i år etter år med krig. Dei leksikalske pro­filane byggjer på ein kollostruksjonsanalyse som får fram kva substantiv som er kjenne­teiknande for kvar konstruksjon. På grunnlag av desse profilane blir det gjort greie for både likskapar og skilnader mellom dei tre konstruksjonane.

Downloads

Published

2022-03-05

How to Cite

Kinn, Torodd. 2022. “År Etter år, Skritt for Skritt Og Lag På Lag: Tre NPN-Konstruksjonar”. Bergen Language and Linguistics Studies 12 (1):353–376. https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3542.