Merkelappar brukte på bokmål og nynorsk med subvarietetar
DOI:
https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3547Resumen
Måten vi omtalar bokmål og nynorsk på, er i endring, og frå politisk hald blir det lagt opp til at den hevdvunne målform-nemninga skal erstattast med skriftspråk. Ei anna endring ser vi i omtalen av subvarietetane som i varierande tydeleg grad har danna seg i bokmål og nynorsk. Sjølv om det ikkje er semje om kva konservativt, moderat og radikalt bokmål denoterer, er det ein lang tradisjon for å omtale samanfall i valfrie ordformer på denne måten i bokmål. I forskingslitteraturen og språkteknologien har desse nemningane i seinare tid òg meir eller mindre ukritisk blitt overførte til ulike subvarietetar av nynorsk. Artikkelen utforskar korleis bokmål og nynorsk blir omtalte i nye, tonegjevande samanhengar, og i kva grad endringane i nemningsbruken betyr eit skifte i synet på kva bokmål og nynorsk er, medan hovudvekta ligg på nemningar som blir brukte om subvarietetane av bokmål og nynorsk.
Descargas
Publicado
Cómo citar
Número
Sección
Licencia
Derechos de autor 2022 Margunn Rauset

Esta obra está bajo una licencia internacional Creative Commons Atribución 4.0.