Kva er drivkreftene bak namnet Johan?
DOI :
https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3533Résumé
Bruken av namnet Johan har grunnlag i døyparen Johannes i Bibelen. Variantar av namnet Johannes kom til Noreg med kristendommen. I mellomalderen var Jón mest brukt, men òg Jóan. Skriftforma Johan kom i bruk frå 1400-talet frå tysk Johann. Bruken auka mykje i og etter kong Karl Johan si regjeringstid 1818–1844, som idoloppkalling. Namnet nådde 1.-plassar rundt år 1900. Ut over 1900-talet sokk bruken, og Johan blei helst brukt sist i dobbeltnamn, som vidareføring av tradisjon og oppkalling. Namnet blei igjen litt meir brukt som første førenamn på 2000-talet, på ei tid då mange namn brukte rundt år 1900 og hundreåret før kom i bruk. På 1000-talet var namnet Jóan uttala med trykk på den første stavinga og med å-lyd. Seinare blei det o-lyd. Uttale med trykk på den siste stavinga og ei uttale av h-en har auka sidan midt på 1900-talet. Ei opphavleg høgare sosial uttale tek såleis over for ei folkeleg.
Téléchargements
Publié-e
Comment citer
Numéro
Rubrique
Licence
© Ivar Utne 2022
Cette œuvre est sous licence Creative Commons Attribution 4.0 International.