Vilkår for læring og bruk av andrespråk i akademia

Internasjonalt tilsette sine erfaringar med språk på norske universitet og høgskular i lys av rådande språkpolitikk

Authors

  • Ann-Kristin Helland Gujord Universitetet i Bergen
  • Else Berit Molde Universitetet i Bergen
  • Anna-Marie Kjøde Olsen Universitetet i Bergen
  • Ilka Wunderlich Universitetet i Bergen

DOI:

https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3539

Abstract

Denne artikkelen presenterer ein studie som utforskar kva for plass og vilkår det norske språket har blant internasjonalt tilsette i norsk akademia. Studien inn­går i forskingsprosjektet NINjA – Norsk i akademia og byggjer på resultata av ei spørjeundersøking blant internasjonalt tilsette på 12 norske universitet og høg­skular og intervju med 55 av deltakarane i undersøkinga. Eit viktig utgangs­punkt for analysen er den gjeldande nasjonale språkpolitikken som blir ført over­for universitets- og høgskulesektoren. Det blir funne at internasjonali­seringa som har prega utviklinga i sektoren dei siste tiåra, er i konkurranse med mål­setjingane for språkpolitikken om norsk som samfunnsberande språk på alle domene. Midt mellom desse to agendaene står dei internasjonalt tilsette. Vil­kåra deira for å læra norsk er ikkje gode nok til å sikra at denne tilsettgruppa opp­når det ferdigheitsnivået i norsk som arbeidsoppgåvene krev. Artikkelen kon­kluderer med at denne situasjonen vil kunna ha negative følgjer for inter­nasjonalt tilsette, men truleg også for det norske språket, dersom dei akade­miske institusjonane og dei som utformar språkpolitikken i sektoren, ikkje i større grad legg forholda til rette for at internasjonalt tilsette får utvikla det norske andrespråket sitt.

Downloads

Published

2022-03-05

How to Cite

Gujord, Ann-Kristin Helland, Else Berit Molde, Anna-Marie Kjøde Olsen, and Ilka Wunderlich. 2022. “Vilkår for læring Og Bruk Av andrespråk I Akademia: Internasjonalt Tilsette Sine Erfaringar Med språk På Norske Universitet Og høgskular I Lys Av rådande språkpolitikk”. Bergen Language and Linguistics Studies 12 (1):113–140. https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3539.