Gamle og nye blikk på Sverresoga

Auteurs-es

  • Rune Kyrkjebø Universitetet i Bergen

DOI :

https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3543

Résumé

Sverresoga er eit karakteristisk verk som har hatt definerande kraft i norrøn lit­teratur. Soga var tidleg skriven og tett på hendingane og personane i handlinga, ikkje minst kong Sverre sjølv, som hadde ei aktiv rolle då soga først vart til. Ho er detaljrik og røyndomsnær, og prega på same tid av klassiske norrøne saga­trekk og tidas lærde og religiøse danning med fintilpassa bibelallusjonar. Spørs­mål om tilblivinga av soga har oppteke filologar i lang tid, særleg spørsmålet om Gryla, soga sin første del. Ludvig Holm-Olsen gav eit viktig bidrag med sine studiar i 1953. Når vi tek status på forskinga i dag, er Þorleifur Hauksson si ut­gåve av Sverresoga frå 2007 eit tyngdepunkt i den nyare forskinga. Det vert opna for ein annan definisjon av Gryla.

Téléchargements

Publié-e

2022-03-05

Comment citer

Kyrkjebø, Rune. 2022. « Gamle Og Nye Blikk På Sverresoga ». Bergen Language and Linguistics Studies 12 (1):319–334. https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3543.