Referansebasert analyse av referentkopling

Forslag til ein operasjonell modell

Autori

  • Helga Mannsåker Universitetet i Bergen

DOI:

https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3544

Abstract

Denne artikkelen gjer greie for framstillinga av referentkopling i nokre sentrale verk innanfor tekstbindingsfeltet, sett med skandinaviske auge, og diskuterer pro­blema som kan oppstå når ein brukar desse framstillingane som grunnlag for referentkoplingsanalyse av autentiske tekstar skrivne av relativt røynde språk­brukarar. På basis av denne problematikken vert det presentert eit forslag til ein ny forståingsmodell og eit nytt analyseapparat for referentkopling som baserer seg på relasjonar mellom referentane til frasar i staden for semantiske rela­sjonar mellom ordstammer. Målsetninga med arbeidet har vore å freista å finna ei løysing på utfordringane knytte til forholdet mellom denotasjon og refe­ranse i referentkoplingsanalysesamanheng, og arbeidet er basert på innsikter henta frå kognitiv lingvistikk og relevansteori. Som illustrasjon til både eksi­sterande problem og mogelege løysingar er det i all hovudsak brukt døme henta frå ulike tekstar publiserte på Internett.

Downloads

Pubblicato

2022-03-05

Come citare

Mannsåker, Helga. 2022. «Referansebasert Analyse Av Referentkopling: Forslag Til Ein Operasjonell Modell». Bergen Language and Linguistics Studies 12 (1):167–205. https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3544.