Snikstigmatisering
Metonymisk representasjon av muslimar i kronikkar om islamofobi og snikislamisering
DOI:
https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3546Abstract
Kategorien MUSLIM og hans eigenskapar er, og har lenge vore, gjenstand for politisk debatt i Vesten. I kjølvatnet av eit terrorangrep mot ein norsk moské i 2019 deltok leiande norske politikarar i ein debatt om islamofobi og snikislamisering. I denne artikkelen analyserer forfattaren metonymiske framstillingar av muslimar i tre kronikkar frå denne debatten, skrivne av to leiande norske politikarar frå partiet Framstegspartiet. Kvar kronikk har metonymiske framstillingar som reflekterer korleis politikarane omgrepsleggjer kategorien MUSLIM. Med andre ord bidreg metonymane til å illustrere kva slags haldningar og handlingar politikarane oppfattar og framhevar som typiske for muslimar. I dei aktuelle kronikkane vert metonymi nytta for å generalisere handlingar og haldningar hjå eit avgrensa utval muslimar til muslimar som gruppe. Jamvel om det ikkje finst nokon døme på direkte islamofobisk metonymibruk i kronikkane, vidarefører metonymibruken til politikarane eit stigmatiserande omgrep om muslimar.
Downloads
Published
How to Cite
Issue
Section
License
Copyright (c) 2022 Mikkel Ekeland Paulsen
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 4.0 International License.