Snikstigmatisering

Metonymisk representasjon av muslimar i kronikkar om islamofobi og snikislamisering

Authors

  • Mikkel Ekeland Paulsen Universitetet i Bergen

DOI:

https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3546

Abstract

Kategorien MUSLIM og hans eigenskapar er, og har lenge vore, gjenstand for poli­tisk debatt i Vesten. I kjølvatnet av eit terrorangrep mot ein norsk moské i 2019 deltok leiande norske politikarar i ein debatt om islamofobi og snikislami­sering. I denne artikkelen analyserer forfattaren metonymiske framstillingar av mus­limar i tre kronikkar frå denne debatten, skrivne av to leiande norske poli­tikarar frå partiet Framstegspartiet. Kvar kronikk har metonymiske fram­stillingar som reflekterer korleis politikarane omgrepsleggjer kategorien MUSLIM. Med andre ord bidreg metonymane til å illustrere kva slags haldningar og handlingar politikarane oppfattar og framhevar som typiske for muslimar. I dei aktuelle kronikkane vert metonymi nytta for å generalisere handlingar og hald­ningar hjå eit avgrensa utval muslimar til muslimar som gruppe. Jamvel om det ikkje finst nokon døme på direkte islamofobisk metonymibruk i kronikkane, vidare­fører metonymibruken til politikarane eit stigmatiserande omgrep om muslimar.

Downloads

Published

2022-03-05

How to Cite

Paulsen, Mikkel Ekeland. 2022. “Snikstigmatisering: Metonymisk Representasjon Av Muslimar I Kronikkar Om Islamofobi Og Snikislamisering”. Bergen Language and Linguistics Studies 12 (1):233–253. https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3546.