«Stao no pao» eller «stå no på»?

Ao-lyden hjå to ungdomskull i Sogndal

Authors

  • Ragnhild Lie Anderson Universitetet i Bergen

DOI:

https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3537

Abstract

Talemålsopptak med to ungdomsskulekull frå Sogndal, eitt i 2001 og eitt i 2016 med i alt 72 elevar, vert med 15 års mellomrom samanlikna med omsyn til reali­sering av den språklege variabelen /aʊ/ eller /ↄ/ i substantiv, verb og adjektiv. Også bakgrunnsvariablane kjønn, foreldrebakgrunn, klassetrinn og kva del av bygda informantane kjem frå, vert undersøkte for materialet samla. Resultata viser at alle desse bakgrunnsvariablane kan fungera som forklaringskrefter for kor­leis realiseringa av denne variabelen er fordelt blant informantane, og kor­leis dei vel å prata. Det å ha minst éin, men helst to foreldre frå Sogndal, ser ut til å vera eit viktig fellestrekk for dei som diftongerer. Å ha foreldre frå staden kan likevel ikkje predikera at dei nyttar denne varianten. Det vert i artikkelen argu­men­tert for at dei unge heller gjer språklege val ut frå korleis dei vel å iden­tifisera seg sjølve språkleg. Dette vert også stadfesta gjennom informant­utsegner.

Downloads

Published

2022-03-05

How to Cite

Anderson, Ragnhild Lie. 2022. “«Stao No Pao» Eller «stå No på»? Ao-Lyden Hjå to Ungdomskull I Sogndal”. Bergen Language and Linguistics Studies 12 (1):271–294. https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3537.